Alle køyretøy over 3,5 tonn som nyttast til yrkesretta køyring, skal enten ha ein digital fartsskrivar eller ei diagramskive installert. På denne måten er det enklare for arbeidsgjevar og myndigheiter å kontrollere at tilsette følger reglane rundt køyre- og kviletid.

Som arbeidsgjevar er du ansvarleg for at sjåførane klarar å overhalde desse bestemmingane, og køyring i arbeidstida skal organiserast på ein forsvarleg måte slik at det ikkje går ut over køyre- og kviletid.

Med det personlege sjåførkortet registrerer kvar tilsett si eiga køyring, anna arbeid, pause og kvile, men det er arbeidsgjevar sitt ansvar å laste ned opplysningane frå kvart sjåførkort og fartsskrivar månadleg. Desse opplysningane skal deretter lagrast på ein sikker måte i eitt år etter at dei er registrert – dersom du ikkje har anledning til, eller ikkje kjenner deg trygg på, eigen lagring av dokumentasjonen, tillét Statens vegvesen at ein lagrar det eksternt.

Datatilsynet brukar omgrepet «overvaking» i vid forstand, og informasjon frå sjåførkort og fartsskrivar blir derfor definert som opplysningar som går innunder dagens personvernlovgjeving (GDPR) då det dreier seg om loggføring av aktivitet pr. sjåfør. Dette fører til at ein må sikre at informasjonen er trygt lagra – og dersom du som arbeidsgjevar ikkje har eit lagringssystem som oppfyller krava til GDPR, bør det lagrast hjå ein ekstern, trygg part.

Vi i NOR Logistikk AS har god kompetanse på personvern og kan hjelpe deg med gode løysingar slik at opplysningar frå fartsskrivarar og sjåførkort vert lagra korrekt og etter lovgjevinga.

Vi hjelper deg gjerne!

Ta kontakt med oss på post@norlogistikk.no eller telefon 959 87 810.