Vi tilbyr autoriserte rekneskapstenester og rådgjeving innan transport og logistikk

Visjonen vår er å skape varig lønsam drift hjå våre kundar. Vi har lang erfaring innan driftsanalyse, restrukturering av selskap og å byggje gode driftsmodellar tilpassa våre kundar. Våre tilsette har solid erfaring og spisskompetanse frå ulike bransjar.

Våre tenester

Autorisert rekneskapsteneste

Alt innan meirverdiavgift, fakturering, løn, årsoppgåve med vidare, spesialisert inn mot transportørar og maskinentreprenørar.

Analyse av drift

Analyse og rapportering av alle inntekter og kostnader, opprette kalkyler og budsjett basert på erfaringstal og bransjestandarder.

Produksjons- og logistikkanalyse

Analysering og produktivitetsvurderinger av blant anna køyremønster, bil- og maskinpark og anna utstyr.

Rådgjeving

PLANLEGGE: Samle data, analysere og definere kritiske faktorar
UTFØRE: Iverksetje tiltak og opplæring
KONTROLLERE: Kontrollere resultat av endringar og justeringar
KORRIGERE: Evaluere prosessen, og eventuelt endre frekvens for oppfølging 

Program for køyre- og kviletid

System for handtering av data frå digitale fartsskrivarar og sjåførkort, med enkel tilgang til det einkvar tids gjeldande regelverk. Vi har og system som kan kombinerast med kvar sjåførs timelister, slik at ein sikrar informasjonsflyten mellom køyre- og kviletid.