Denne personvernerklæringen gir informasjon om innsamling og bruk av personopplysninger i NOR Logistikk AS. Målet er å gi deg overordna informasjon om vår behandling av personopplysninger.

Behandlingsansvarlig

Dagleg leiar er på vegne av NOR Logistikk AS behandlingsansvarleg for selskapet sin behandling av personopplysningar.

Personopplysninger som behandles

Vi lagrar følgande kategoriar av personopplysningar i vår kontakt med deg som person: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, stillingstittel, kva selskap ein er tilsett i.

I tillegg behandlar vi opplysningar som vi nyttar i utøvinga av vår profesjon som rekneskapsbyrå (sjå eige avsnitt om vårt ansvar som databehandlar).

Vi nyttar WordPress som plattform på våre nettsider, og med løysningane vi har pr. i dag lagrar verken NOR Logistikk AS eller WordPress personleg informasjon frå nettsidene. Det er kun nødvendige informasjonskapslar som blir brukt, og dette er for å få nettsidene våre til å fungere. Desse informasjonskapslane lagrar ingen personleg informasjon.

Dersom du velger å dele nettside og/eller innhald frå nettsida i til dømes sosiale media, vert informasjonen lagt inn der og regulerast derfor av din avtale med den aktuelle nettstaden.

Databehandlaransvar

Som rekneskapsbyrå er vi i hovudsak databehandlarar, der våre kundar er behandlingsansvarlege.

NOR Logistikk AS skal kun behandle personopplysningar etter skriftleg instruks frå den behandlingsansvarlege (kunden).
Vi har plikt til å ha kontroll på dei opplysningar vi har mottatt frå behandlingsansvarleg, og lagre/behandle desse i tråd med GDPR.

Som databehandlar har vi forplikta oss til å varsle behandlingsansvarleg (kunde) dersom vi ser at behandlingen ikkje er lovleg, rettferdig eller i tråd med det formålet som er avtalt. Som rekneskapsbyrå kan vi bli stilt til ansvar dersom vi ikkje varslar om eventuelle brudd på personvernet.

Vi signerer ein databehandlaravtale med alle våre kundar for å avklare dei ulike ansvarsområda, og sikrar såleis det gjensidige ansvarsforholdet.

Formål med behandlingen

Vi behandlar nevnte personopplysningar for å kunne gi deg informasjon og tilbod om våre tenester, blant anna gjennom salgs- og marknadsaktivitetar. Alle våre henvendelsar gjelder «bedrift til bedrift», og potensielt salgsarbeid har bedriftsmarknaden som målgruppe.

Ved tilsetjingsprosessar vert personopplysningar i hovudssak lagra fram til prosessen er avslutta.

Grunnlaget for behandlingen

I salgs- og marknadsarbeidet vårt hentar vi inn opplysningar om deg for å kunne gi deg relevant informasjon som du sjølv har bedt om, for å oppfylle ein skriftleg eller munnleg avtale med deg eller fordi vi meiner det er av interesse for deg å få denne informasjon frå oss.

Du kan når som helst trekke ditt samtykke og vi slettar dermed alle opplysningar om deg.

Opplysningar knytt til vår profesjon som rekneskapsbyrå, kan du lese meir om i avsnittet om databehandlaransvar.

Innhenting av personopplysninger

Vi nyttar offentleg tilgjengelege personopplysningar i vårt salgs- og marknadsarbeid.

Opplysningar knytt til vår profesjon som rekneskapsbyrå, vert innhenta som eit ledd i våre kundeoppdrag (sjå eige avsnitt om vårt ansvar som databehandlar).

Utlevering av opplysninger til tredjeparter

Vi utleverer ikkje personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det. Vi tar personvern på alvor og tar alle forholdsreglar for å beskytte dine opplysningar.

Sletting av personopplysninger

Opplysningar knytt til tilsetjingsprosessar vert sletta når den enkelte tilsetjingsprosessen er ferdig. Ved avslag på tilsetjing, ynskjer vi i nokre tilfelle å oppbevare dine personopplysningar, deriblant CV, også etter endt tilsetjingsprosess for framtidige tilsetjingsprosessar. Dette vil du få informasjon om og med anledning til å samtykke til.

I salgs- og marknadsaktivitetar lagrar vi relevante opplysningar i 2 år. Denne informasjonen kan slettast tidlegare dersom du ynskjer det.

Elles følger vi dei til ein kvar tid gjeldande lovar og forskrifter i henhold til vår profesjon som rekneskapsbyrå.

Rettigheter for den registrerte

Vi behandlar personopplysningar i henhold til personopplysningslova, GDPR og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan kreve innsyn i eigne personopplysningar, samt kreve retting eller sletting av dei opplysningane vi har om deg. Du kan protestere mot behandling av personopplysningar, og be om begrensning av behandling. Ta først kontakt med vår daglege leiar dersom du meiner at vi ikkje følger personvernreglane. Du kan også klage til Datatilsynet.

Personopplysningar vi har mottatt i vår rolle som databehandlar og rekneskapsbyrå vert hensyntatt gjennom dei til ein kvar til gjeldande lovar og forskrifter, som blant anna bokføringslova. Våre kundar er behandlingsansvarlege for den informasjonen vi har lagra for å utøve vår profesjon.  

Informasjonssikkerhet

Vi sikrar dine personopplysningar med adgangs- og tilgangskontroll, og kryptering av sensitive opplysningar. Vi har ulike tilgangsautoriseringar internt for å hindre at fleire tilsette enn nødvendig har tilgang til den lagra informasjonen.  

Kontaktinformasjon

Henvendelsar om kva personopplysningar som er registrert, samt begjæring om innsyn, retting og sletting kan sendast til følgjande epostadresse:

 

karianne.hestad@norlogistikk.no